HAVET og Sandeid-forliset

page view image
Arrangementsdato

fredag 4 des 2026 13:00

Slutter fredag 4 des 2026 14:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Billett Aftenbladet fordel 25% rabatt
Billett ordinær
Årskort-billett
event image

Arrangementsinformasjon

75 år sidan «Sandeid»-forliset 

Jone Laugaland, journalist og veteranskipsentusiast
 

For 75 år sidan, onsdag 5.desember 1951, forliste fjordabåten «Sandeid» ved innløpet til Mastrafjorden. Den gamle dampen hadde berre eit par hundre meter igjen før den var ferdig med Boknafjorden og trygt inne i Mastrafjorden då ein brottsjø slo dekkslasta over bord. Det kom fleire sjøar som gav «Sandeid» slagside og velta. 

Det var 15 personar om bord. Åtte personar, ein passasjer og sju av mannskapet, omkom.

«Sandeid»-forliset er den verste ulukka som har ramma lokalbåttrafikken i Rogaland i fredstid.

Tidlegare Aftenblad-journalist Jone Laugaland fortel om «Sandeid»-forliset og historien til den gamle fjorda-damparen.   
 
Velkommen til foredrag fredag 4. desember kl. 13 på Stavanger maritime museum!

Organizer
Stavanger Maritime Museum